Dersom du er innskotskunde i Sparebank 1 Sogn og Fjordane og heimehøyrande i Fjaler, då kan du stemme på kven som skal sitte i generalforsamlinga til Sparebankstiftinga Fjaler. Generalforsamlinga er stiftinga sitt øvste organ, og vel mellom anna styret, godkjenner stiftinga sitt rekneskap og set rammer for gåvetildelingane. Det er val til generalforsamlinga annakvart år.
Valdagane er 10. og 11. mars 2026.
Du får tilsendt ein link som du kan bruke når du skal avgje stemme.
Her er valnemnda sine kandidatar:
- Christine Nikøy Rogne Dale
- Hilde Åsnes Straumsnes
- Kennet Vik Dale
- Stein-Erik Grytøyra Våge
- Lene Beate Skudal Dingsøyr Guddal
- Einar Aase Dale
- Kjersti Reggestad Flekke
- Kjetil Fristad Våge
Dei 3 kandidatane som får flest stemmer, vert medlemer for 4 år. Dei 2 med fjerde og femte mest stemmer vert varamedlemer, valde for 2 år.


