Gåvetildeling

Styret i Sparebankstiftinga Fjaler har som mål at delar av stiftinga sitt overskot skal verte gitt som årlege gåver til allmennyttige føremål. Dette skal auke trivselen for dei som oppheld seg i nærmiljøet. Stiftinga skal i sin verksemd først og fremst prioritere gåver i det distriktet som har bygd opp grunnkapitalen (sparebanken sitt fond) i tidlegare Fjaler Sparebank.

Stiftinga vil gjennom gåvetildeling prioritere:

  • Følgjande søkjarar skal prioriterast:
    • Prosjekt og organisasjonar som arbeider for og med barn og ungdom.
    • Prosjekt og organisasjonar drive av frivillige.
    • Tiltak som kjem mange til gode.
    • Tiltak som løftar frivillig engasjement og dugnadsvilje.
    • Prosjekt og organisasjonar som har klåre visjonar og tankar bak sine tiltak.
  • Stiftinga vil normalt ikkje prioritere
    • Naturlege sponsorobjekt.
    • Politiske parti eller føremål som kan knytast til politisk verksemd.
    • Støtte til næringsverksemd med unnatak for Sparebankstiftinga Fjaler sitt næringsfond.
    • Typiske offentlege oppgåver unnateke der kommunen er inne som ein av fleire aktørar og som elles oppfyller krava til allmennyttige formål.
    • Lukka medlemsorganisasjonar.
    • Støtte til forsking.

Tiltak og investeringar med langvarig verdi og nytte for lokalsamfunnet skal prioriterast over kortvarige aktivitetar og arrangement.
Avslag på gåvesøknader vil ikkje bli grunngjeve.

Søknadsfrist 2018

  • Seinast torsdag 1. mars  – med tildeling i mai. Alle som vil søkje må bruke den elektroniske søkjeportalen: SEND SØKNAD. Har du spørsmål til søknadsskjema eller treng hjelp, så kan vi kontaktast på telefon 57 73 99 00 (Accountor HAFS, Ole som er dagleg leiar for stiftinga, eller Øyfrid), eller bruk epost: post@ifjaler.no.

Frivilligsentralen i Fjaler ved Margrete Reisæter, kan også hjelpe til med søknaden, telefon: 57 73 80 20.

«PÅ RAPPEN-MIDLAR» TIL UNGDOM

Er du ein ungdom i Fjaler/Holmedal som har ein god idé til eit prosjekt du vil gjennomføre og du treng pengane raskt, kan du søke om «På rappen»-midlar på opp til kr 5000 og få svar innan 10 dagar!

Det kan vere støtte

  • til ein konsert
  • til ei utstilling
  • til ein film du vil lage
  • til instrument, til eit orkester eller til deg sjølv
  • til ein tur
  • mm.

Ingen søknadsfrist. Send når som helst

Sjå også: