Innskytarval til generalforsamling Sparebankstiftinga Fjaler 10. og 11. mars 2026

Som innskotskunde i Sparebank 1 Sogn og Fjordane og busett [...]

Som innskotskunde i Sparebank 1 Sogn og Fjordane og busett i Fjaler, kan du stemme inn medlemer i generalforsamlinga til Sparebankstiftinga Fjaler.

Annakvart år skal det veljast 3 innskytarvalde medlemer for 4 år, og 2 varamedlemer for 2 år. Generalforsamlinga har i alt 6 innskytarvalde medlemer.

Generalforsamlinga vel m.a. styret for stiftinga og fastset rammer for gåvetildelinga. Medlemene skal veljast av og blant dei innskytarane som er busette i Fjaler og som dei siste 6 månadane har hatt innskot minst kr 500.- i banken .

Saman med dei 4 som er valde av kommunestyret i Fjaler, skal dei spegle kundestrukturen i Sparebanken Sogn og Fjordane i Fjaler. Valnemnda kjem med framlegg til kandidatar, og desse vert presenterte på  stiftinga si heimeside www.ifjaler.no saman med informasjon om valet.

Du kan sende framlegg om kandidatar innan 03.02.26 til leiar i valnemnda Arve Helle, epost: arve.helle@enivest.net .

Valet vert gjennomført 10. og 11. mars 2026, og føregår elektronisk.

Du får tilsendt ein link på epost dersom banken har epostadressa di. Kontakt kundesenteret på tlf 57 82 97 00 om du vil registrere epost.

Historier frå Sparebankstiftinga Fjaler