Slik skriv du søknaden2025-04-23T09:09:08+02:00

Slik skriv du søknaden

Vi vil at du fyller ut det elektroniske søknadsskjemaet som du finn her. Følg rettleiinga etter kvart som du går fram i søknaden.

Søknadsfristen må haldast. Dersom du får avslag på søknaden ved ei tildeling, kan du søke på nytt ved neste tildeling. Då må søknaden sendast inn på nytt.

Gode søknader blir belønna!

Vedlegg2024-11-12T15:08:55+01:00

Legg ved evt. fullstendig prosjektplan, budsjett, gjennomføring og annan utfyllande informasjon om prosjektet.

Finansieringsplan2024-11-12T15:05:18+01:00

Vis korleis ein har tenkt å finansiere prosjektet, t.d. ved tilskot frå ulike partar, eigeninnsats (som òg kan vere dugnad) og andre inntekter.

Budsjett2024-11-12T15:05:05+01:00

Her set ein opp samla kostnader for prosjektet.

Om prosjektet2024-11-12T15:04:45+01:00

Fortel kort om prosjektet eller tiltaket de søkjer om pengar til. Kva skal skje, kva vil de oppnå, betydninga for lokalsamfunnet, samarbeidspartnarar.

Kontaktperson2024-11-12T15:04:20+01:00

Gje opp namn på den personen som vi kan kontakte med spørsmål om søknadane. Fyll ut telefon, adresseopplysningane og bankkontonummeret. E-postadresse må vere med for ein person i tillegg til den som søkjer.

Søkar2024-11-12T15:04:00+01:00

Dette kan vere namnet på organisasjonen, personar eller samarbeidsgrupper i samband med eit prosjekt.

Framgangsmåte ved søknad på «På Rappen-midlar» for ungdom

Søknad til På rappen er ein forenkla søknad. Den skal innehalde:

  • Kven du eller de er. Namn på personar/gruppe.
  • Kva de søkjer om pengar til. Fortel om tiltaket og kvifor de syns de skal få støtte. Kva betydning kan de få for andre.
  • Kva kostar det?
  • Har du/de noko eigenkapital? Støtte frå andre, eigeninnsats, inntekter?
  • Søknadssum
  • Gje opp bankkontonummer

Bruk søknadsportalen.

Spørsmål: Send epost til post@ifjaler.no eller ring 57 73 99 00.

Gå til toppen