
Støtteordning til skuletur og reiser
Om din skuleklasse, ditt lag eller di gruppe planlegg ein tur eller ei reise, kan de få støtte frå Sparebankstiftinga Fjaler mot at de gjer samfunnsnyttig arbeid.
Søknad må sendast på e-post til post@ifjaler.no fram til 1. februar. Frå 1. februar kan søkar bruke ordinær søknadsportal inntil eige søknadsskjema er oppretta.
Spørsmål og svar
Målet med turen skal i all hovudsak vere den sosiale dimensjonen. Opplegget og rammene skal inkludere alle i gruppa/ klassen/ laget. Støtte til turar der vilkåra for å vere med er prestasjonsbasert er ikkje omfatta av ordninga.
- Ein skuleklasse kan søke om støtte ein gong pr. trinn (mellomtrinn, ungdomstrinn og vidaregåande skule).
- Idrettslag og andre frivillige lag kan søke støtte til fleire lag samstundes, men ein gong årleg pr lag.
Om din skuleklasse, ditt lag eller di gruppe planlegg ein tur eller ei reise, kan de få støtte frå Sparebankstiftinga Fjaler mot at de gjer samfunnsnyttig arbeid. Ordninga er basert på at de kan få innvilga eit støttebeløp pr elev/deltakar. Som motyting må søkargruppa gjere samfunnsnyttig arbeid tilsvarande den verdien ein søker om. Arbeidet må planleggast og dokumenterast før støttebeløpet vert utbetalt.
Skular i Fjaler og Holmedal og lag- og organisasjonar i same området med elever og medlemer i aldersgruppa 12-19. For skular kan ein støtte kvar klasse eller elevgruppe ein gong på mellomtrinnet, ungdomstrinnet og vidaregåande skule.
Turane som kan motta støtte skal ha eit sosialt og inkluderande fokus. For skuleturar betyr det at turen skal vere planlagt med utgangspunkt i at heile klassen skal kunne vere med.
For idretts- eller kulturarrangement støttar ein ikkje reiser til- eller deltaking på arrangement der det er prestasjonsbaserte kriterie for å få lov å vere med.
Skuleturar som kan motta støtte er turar som er arrangert for ein skuleklasse, men utanfor skulen sin regi.
Søkjar innvilgast eit beløp pr. barn/ungdom.
Ungdommane må deretter gjere ein innsats innafor ei på førehand avtalt oppgåve. For denne innsatsen blir det rekna ein verdi pr time. Når dette samla sett er lik verdien det er søkt om, skal det dokumenterast og rapporterast for utbetaling.
Kva ein planlegg å bruke disse timane på, må ein oppgje i søknaden. Og arbeidet må vere av samfunnsnyttig karakter og noko ungane og ungdommane sjølv kan gjennomføre.
Om gruppa vert innvilga eksempelvis kr 1.000 pr deltakar, må deltakarane dokumentere ein innsats i prosjektet på minimum 5 timar pr deltakar.
Sparebankstiftinga Fjaler oppfordrer søkjarane om å vere kreative i å finne oppgåver innanfor eitt av følgjande tema:
- Miljø og bærekraft
- Integrering og forhindring av utanforskap
- Anna sosialt arbeid/innsats som kjem unge og eldre tilgode
Eksempel på oppgåver
Miljø og berekraft: Strandsonerydding, rydding av søppel langs veg
Integrering og forhindre av utanforskap: Deltaking på internasjonal språkkafe. Anna sosialt arbeid/innsats.
For skuleturar kan ein få innvilga inntil kr 2.500,- pr elev.
For andre lag- og organisasjonar kan ein støtte inntil kr 1.000,- pr deltakar.
Det planlagde arbeidet vert verdisett til kr 200,- time.

Bakgrunn
Ungar og ungdommar får opplevingar og erfarningar for livet gjennom skuleturar og reiser i samband med fritidsaktivitetar. Samstundes er det krevjande å organisere dette på ein måte som gjer at det ikkje er ekskluderande på grunn av økonomi. Ein kjem eit stykke på veg med dugnadsarbeid, men skal vi treffe barn og unge der dei har behov for støtte og oppfølging, er det gjerne behov for meir penger.