1000 kroner til alle skuleborn i Fjaler og Holmedal!

Sterkare saman! Det var bodskapen då Sparebankstiftinga Fjaler overraska skulane [...]

Sterkare saman! Det var bodskapen då Sparebankstiftinga Fjaler overraska skulane i Fjaler og Holmedal Montessori med ei gåve på 1000 kroner per elev. No er det opp til skulane å finne gode tiltak som skaper fellesskap, inkludering og gode opplevingar for barn og unge.

I slutten av oktober inviterte SpareBank 1 Sogn og Fjordane til inspirasjonsforedraget «Stå støtt når livet skjer» i Bergen, Dale og Førde. På scena stod sjølvaste Øystein «Pølsa» Pettersen, olympisk meister i langrenn og folkekjær TV-profil frå programmet Team Pølsa.

På dagtid møtte han elevane ved Dingemoen skule, som også fekk besøk av elevar frå Flekke og Våge skular. På kveldstid samla han eit fullsett Samvirket i Dale.

Med engasjement, humor og personlege erfaringar snakka «Pølsa» om korleis vi kan spele kvarandre gode, skape sterke fellesskap og få fram det beste i kvarandre. Eit sentralt bodskap var at alle har noko å bidra med, og at alle er like mykje verde. På Dingemoen vart det også tid til både spørsmål, samtalar og autografar, til stor glede for elevane!

 

 

Ei overrasking til skulane

Under kveldsarrangementet i Dale kom Sparebankstiftinga Fjaler med ei ekstra overrasking: Alle skulane i Fjaler, samt Holmedal Montessori, fekk tildelt 1000 kroner per elev, totalt 775 000,-!

Dette er tredje året på rad at stiftinga gir ei slik gåve til skulane. I 2024 fekk vi besøk av Anja og Gro Hammerseng-Edin, medan Lars Monsen stod for inspirasjonen i 2025.

Gjennom desse åra har vi sett kor mykje kreativitet, engasjement og gode opplevingar som kan vekse fram når skulane får høve til å utvikle eigne tiltak. Frå demokrativerkstad på Utøya til felles skuleturar og andre aktivitetar som styrkjer samhaldet.

 

Sterkare saman – kva finn skulane på i år?

Årets gåve har fått temaet «Sterkare saman», og målet er å inspirere skulane til å skape inkluderande møteplassar, styrkje fellesskapet og gi barn og unge gode opplevingar saman.

Vi veit at det finst mange gode idear og mykje engasjement blant både elevar og tilsette. No gler vi oss til å sjå kva skulane finn på!

For det er nettopp gjennom gode opplevingar, samarbeid og fellesskap at vi blir sterkare saman.

 

Foto: Sparebank 1 Sogn og Fjordane v/Kristian Helle

Historier frå Sparebankstiftinga Fjaler