
Dale IL fyller 100 år i år. I helga var det jubileumsfest i ungdomshuset i Dale. Der vart festdeltakarane overraska av storgåve.
I 1926 starta 14 unge menn Dale Idrettslag med ein startkapital på 22 kroner. Idag har laget 711 medlemmer og tilbyr 11 ulike aktivitetar til barn, unge og voksne.
Dingemoen arena er ein historisk stad og har vore bygda sin samlingsplass i over 1000 år. Det var her Ingolf Arnarson vart bannlyst i si tid.
I dag rommer Dingemoen eit anlegg for varierte aktivitetar som idrettshall, innandørs fotballhall, motorcrossbane, skatebane, sykkelbane, dansestudio og skuleanlegg.
– Det er dei frivillige som er drivkrafta bak idretten i Dale. Om ein legg saman den frivillige innsatsen summerer det seg til heile 22 årsverk for å halde hjula igang. Det er reint imponerande, fortel dagleg leiar for Sparebankstiftinga Fjaler, Leonora Laukeland Kleiven.
Sparebankstiftinga Fjaler deler ut gåver frå overskotet til SpareBank 1 Sogn og Fjordane, og på festkvelden laurdag overraska tilsette frå bank og stiftinga festdeltakarne med ei gåve på 750.000 kroner frå Sparebankstiftigna Fjaler, som blir direkte knytt til den frivillige innsatsen.
– Gåva skal nyttast til kurs, kompetanseheving og utvikling for dei frivillige og trenarane i Dale IL, fortel dagleg leiar i Sparebankstiftinga Fjaler, Leonora Laukeland Kleiven
Leiar for Dale IL, Ståle Haugen, mista nesten munn og mæle av merksemda frå bank og stifting.
– Det er ikkje ofte eg blir mållaus, men det vart eg no. Denne gåva vil sikre at vi kan gjere Dale IL enno betre, seier han.
Banksjef i Dale, Torunn Mattson, og rådgjevar Synnøve Valvik koste seg stort på festen lørdag. SpareBank 1 Sogn og Fjordane og Dale IL har hatt ein sponsoravtale som strekk seg langt tilbake i tid.
– Som bank er vi stolt av å ha vore den største støttespelaren for laget gjennom mange tiår. For oss handlar det å vere sponsor om mykje meir enn idrett. Det handlar om barn og unge som får kjenne meistring, glede og tilhørighet. Om fysisk helse, om å lære seg å spele på lag og oppleve at alle har ein plass – uansett kven dei er eller kva ein presterer, fortel ho.
Valvik og Mattson var med Kleiven på scena for å dele ut gåva.
– Det var ei kjempefin feiring som var ein hundreåring verdig. Vi er heldige som har eit så sterkt idrettslag i bygda vår. Det dei bidrar med gjev ringverknadar til resten av lokalsamfunnet vårt, sier Kleiven.



