Vedtekter for Sparebankstiftinga Fjaler

Skipa 01.09.2010

1 Allmenne reglar

§ 1-1 Firma og forretningskontor

Stiftinga sitt namn er Sparebankstiftinga Fjaler. Stiftinga sitt forretningskontor er i Fjaler kommune.

§ 1-2 Føremål

Stiftinga sitt føremål er å forvalte eigenkapitalbevis som stiftinga vart tilført ved skipinga, og å stå for eit langsiktig og stabilt eigarskap i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Stiftinga skal i tillegg plassere midlane på ein føremålstenleg og trygg måte ut frå omsynet til trygd, risikospreiing, likviditet og avkasting.

Stiftinga sitt føremål skal vidare vere å gje gåver til allmennyttige føremål. Ved sine disposisjonar skal stiftinga først og fremst ta omsyn til det distriktet som har bygd opp kapitalen til tidlegare Fjaler Sparebank.

Ved si verksemd skal stiftinga støtte Sparebanken Sogn og Fjordane i banken sin vidareføring av sparebanktradisjonar.

Elles kan stiftinga stå for anna verksemd som kan sameinast med nemnde føremål og sparebanklova.

§ 1-3 Stiftinga sin kapital

Stiftinga vert skipa med en grunnkapital på kr 106.453.000 fordelt på 1 064 530 eigenkapitalbevis, kvar pålydande kr 100, i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Stiftinga vart i tillegg skipa med annen eigenkapital beståande av eigenkapitalbevis på kr. 5 000 000 fordelt på 50 000 eigenkapitalbevis, kvar pålydande kr 100, i Sparebanken Sogn og Fjordane, samt eit kontantbeløp på kr. 17 355 130 og kr. 3 000 000.

§ 1-4 Utferding av eigenkapitalbevis og opptak av lån

Stiftinga kan utferde eigenkapitalbevis og ta opp lån i samsvar med dei rammer som til ei kvar tid går fram av lov om stiftingar og anna lovgjeving.

2 Stiftinga sine organ

§ 2-1 Organ

Stiftinga skal ha generalforsamling, styre og dagleg leiar.

§ 2-2 Val av generalforsamling

Generalforsamlinga skal ha 10 medlemer og 4 varamedlemer. Generalforsamlinga si samansetting skal spegle kundestrukturen i Fjaler Sparebank som oppretta stiftinga, andre interessegrupper og samfunnsmessige interesser knytt til sparebankstiftinga si verksemd.

Innskytarane skal velje 6 medlemer og 2 varamedlemer. Annakvart år skal det haldast innskytarval, der 3 av dei innskytarvalde medlemane av generalforsamlinga som har gjort teneste lengst etter førre val, går ut.

Medlemane veljast av og blant innskytarane med bustadadresse Fjaler kommune som dei siste 6 månadane før kunngjeringa av valet har hatt innskot i Sparebanken Sogn og Fjordane over eit bestemt beløp som vert fastsett av styret i stiftinga. Ingen innskytar kan gje meir enn ei stemme.

Kommunestyret i Fjaler skal kvart fjerde år velje 4 medlemer og 2 varamedlemer.

Generalforsamlinga vel ein valkomité med 3 medlemmer. Valkomiteen skal førebu vala, herunder ta omsyn til at samansettinga av generalforsamlinga skal spegle kundestrukturen i Fjaler Sparebank som skipa stiftinga, andre interessegrupper og samfunnsmessige interesser knytta til sparebankstiftinga si verksemd. Leiar av generalforsamlinga skal vere leiar av valkomiteen. Vala skal organiserast av styret i stiftinga. Valet skal kunngjerast i minst ei lokalavis seinast 14 dagar før valet skal finne stad, og elles slik styret bestemmer. Valet kan gjennomførast ved brev, her under elektronisk post eller anna forsvarleg måte etter styrets nærmare avgjerd.

Generalforsamlinga vert vald for 4 år. Varamedlemer som vert valde av kommunestyret i Fjaler velgast for 4 år. Innskytervalde varamedlemer velgast for 2 år. Vala til generalforsamlinga skal gjennomførast innan utgangen av april månad. Attval kan finne stad, men maksimal funksjonstid er 12 år.

Ein vald medlem av eller leiar for generalforsamlinga eller styret kan ikkje ha tillitsvervet i eit samanhengande tidsrom lenger enn 12 år eller ha desse tillitsverva i eit lenger samla tidsrom enn 16 år. Ein person kan ikkje veljast eller attveljast til eit av desse verva dersom han på grunn av føresegna i førre punktet ikkje kan sitje valperioden ut.

Generalforsamlinga vel sjølv sin leiar og nestleiar. Val av medlemer eller varamedlemer av generalforsamlinga skal skje innanfor den til ei kvar tid gjeldande lovgjeving. Medlemer og varamedlemer av generalforsamlinga må ikkje ha styreverv eller vere tilsett i selskap som konkurrerer med Sparebanken Sogn og Fjordane. Dersom noko medlem i løpet av funksjonstida kjem i ein slik situasjon, kjem varamedlemen inn i vedkomande sin stad. Dersom ein varamedlem kjem i nemnde situasjon, går vedkomande ut som varamedlem.

§ 2-3 Møta i generalforsamlinga

Innan 1. juli kvart år skal stiftinga gjennomføre ordinær generalforsamling, første gang i 2011. Generalforsamlinga vert gjennomført der stiftinga har forretningskontor. I den ordinære generalforsamlinga skal følgjande saker handsamast og avgjerast:

1. Val av styremedlemer
2. Fastsette godtgjersle til styret sine medlemer
3. Val av medlemer til valkomité, jf. § 2-2
4. Val av revisor og fastsetting av revisor si godtgjersle
5. Føre tilsyn med stiftinga si verksemd
6. Godkjenning av årsrekneskap og årsmelding
7. Vedta gransking
8. Vedta omdanning av stiftinga etter forslag frå styret
9. Vedta etter forslag frå styret, bruk av årets overskot, her under kor stor del av årets overskot som skal brukast til gåveføremål
10. Andre saker som etter lov eller vedtekter høyrer under generalforsamlinga som saksførebuande, rådgjevande eller avgjerande organ.

I tillegg skal generalforsamlinga etter forslag frå styret handsame:

11. Endring av stiftinga sine vedtekter
12. Avhending av eigenkapitalbevis i Sparebanken Sogn og Fjordane som inngår i stiftinga sin grunnkapital etter § 1-3
13. Forvalting av stiftinga sine midlar gjennom samtykke til omdanning av Sparebanken Sogn og Fjordane til aksjebank/allmennaksjebank, fisjon av banken og avhending av en vesentlig del av Sparebanken Sogn og Fjordane si verksemd
14. Oppløysing av stiftinga

Generalforsamlinga vert innkalla av styret. Ved kjent forfall vert varamedlemer innkalla.

Styret kan avgjere at det skal kallast inn til ekstraordinær generalforsamling. Styret skal innkalle til ekstraordinær generalforsamling når revisor eller minst 2 medlemer av generalforsamlinga skriftleg krev det for å få handsama eit bestemt oppgitt emne.

Innkalling til generalforsamling skal innehalde opplysningar om tid og stad for møtet, og dei saker som skal handsamast på generalforsamlinga. Innkalling til ordinær generalforsamling skal sendast seinast 14 dagar før generalforsamlinga. Innkalling til ekstraordinær generalforsamling skal kunngjerast seinast 7 dagar før generalforsamlinga om ikkje ein lengre frist følgjer av den til ei kvar tid gjeldande lovgjeving.

Eit medlem har rett til å få handsama ei sak meldt skriftleg til styret innan ei veke før møtet i generalforsamlinga vert halde.

Kvart einskilt medlem av generalforsamlinga har ei stemme i generalforsamlinga. Generalforsamlinga kan ta avgjerd når minst halvparten av medlemane er til stades. Ei avgjerd av generalforsamlinga krev simpelt fleirtal av dei avgitte stemmene om ikkje anna er fastsett i lov eller vedtekter.

Avgjerd om å oppløyse stiftinga og om å endre stiftinga sitt føremål i andre tilfelle enn ved samanslåing krev tilslutnad frå alle som deltar i møtet (samrøystes vedtak). Andre avgjerder som nemnt i punkt 11 til 13 krev tilslutnad frå minst 2/3 av dei som deltek i møtet. Avgjerd om oppløysing og om å endre vedtektene skal føreleggast rette styremakter for godkjenning.

Styreleiar skal møte på generalforsamlinga. Dei andre styremedlemene og dagleg leiar har møterett. Det skal førast protokoll over forhandlingane. Protokollen skal underskrivast av møteleiaren og to andre personar som vert utpeika av generalforsamlinga mellom dei som er til stades.

§ 2-4 Styret

Stiftinga skal ha et styre på 4-5 medlemer og inntil 3 varamedlemer.

Styret skal ha det mynde og ansvar som følgjer av den til ei kvar tid gjeldande lovgjeving og desse vedtekter.

Styremedlemer, her under styreleiar, vert valde av generalforsamlinga for to år om gongen. I første periode tenestegjer halvparten og om talet ikkje er delelig med to, ein forholdsmessig del, i 1 år. Attval kan finne stad.

Samansettinga av styret skal reflektere samansettinga av dei grupper som har stemmerett på generalforsamlinga. Medlemer og varamedlemer av styret skal fylle dei krav som følgjer av den til ei kvar tid gjeldande lovgjeving.

Ved første val vert det noverande styret i Fjaler Sparebank vald som styret i stiftinga, med unntak av dei tilsette sine representantar.

Medlemer og varamedlemer av styret må ikkje ha styreverv eller tilsetting i selskap som konkurrerer med Sparebanken Sogn og Fjordane eller eit anna selskap i same konsern som Sparebanken Sogn og Fjordane. Dersom noko medlem kjem i ein slik situasjon i løpet av funksjonstida, kjem varamedlem inn i vedkomande sin stad dersom det er oppnemnt varamedlemer, elles vert det gjennomført suppleringsval. Dersom det er varamedlem som kjem i ein nemnde situasjon, går vedkomande ut som varamedlem.

§ 2-5 Forvaltninga av stiftinga sine midlar

Styret forvaltar stiftinga sine midlar eller fastset nærmare retningslinjer for dette. Styret skal sjå til at stiftinga sine midlar vert forvalta i samsvar med stiftinga sitt føremål, jf. § 1-2, og at verksemda er i samsvar med dei til ei kvar tid gjeldande reglar og stiftinga sine vedtekter.

§ 2-6 Disponering av stiftinga sine midlar

Styret syter for utdeling av gåver innanfor dei rammer som er trekte opp av generalforsamlinga. Styret kan overlate til generalforsamlinga å ta avgjerd om utdeling til einskilde gåveføremål.

§ 2-7 Styret si sakshandsaming

Styret skal handsame saker i møte med mindre styreleiar finn at saka kan handsamast skriftlig eller på annan trygg måte. Årsrekneskap og årsmelding skal handsamast i møte. Dagleg leiar skal møte i styremøta.

Styreleiar skal syte for handsaming av aktuelle saker som høyrer inn under styret. Styremedlemene kan krevje at styret handsamar bestemte saker. Styrehandsaming skal varslast på føremålstenleg måte og med rimeleg frist.

Styret kan ta avgjerd når meir enn halvparten av medlemene deltar i styrehandsaminga. Styret kan likevel ikkje ta avgjerd utan at alle styremedlemene, og ved kjent forfall eventuelle varamedlemane deira, så vidt mulig er gitt høve til å delta i handsaminga av saka.

Ei avgjerd av styret krev at eit fleirtal av dei styremedlemer som tar del i handsaminga av ei sak, har stemt for. Ved likt stemmetal gjeld det som styreleiar har stemt for. Er styreleiar ikkje til stades, gjeld det som møteleiaren har stemt for.

Det skal førast protokoll over styrehandsaminga.

§ 2-8 Inhabilitet

Eit styremedlem må ikkje ta del i handsaming eller avgjerd av spørsmål som har slik særleg betyding for eigen del eller for nokon nærståande, at medlemen må seiast å ha personleg eller økonomisk særinteresse i saka.

Eit styremedlem kan heller ikkje ta del i sakshandsaminga eller avgjerda når vedkomande eller nokon nærståande har stilling eller tillitsverv i en privat eller offentlig institusjon, organisasjon eller et føretak som har økonomisk eller annan særinteresse i saka, eller når vedkommande i slik eigenskap tidlegare har teke del i handsaminga av saka. Ved offentleg stilling eller verv er vedkomande likevel ikkje inhabil i saker som gjeld disponering av midlar til fordel for det offentlige.

§ 2-9 Representasjon

Styreleiar eller to av styret sine medlemmer i fellesskap teiknar stiftinga sitt firma. Styret kan meddele prokura og spesialfullmakter.

§ 2-10 Dagleg leiar

Styret kan tilsette en dagleg leiar. Dersom omfanget av dei oppgåver som skal utførast av den daglege leiinga tilseier det, kan styret i staden inngå oppdragsavtale med person eller selskap om utføring av oppgåvene som dagleg leiar.

Dagleg leiar står for den daglege leiinga av stiftinga si verksemd, og skal følgje dei retningslinjer og pålegg styret har gitt. Dagleg leiar skal effektuere dei utdelingar stiftinga gjer, og syte for at det blir allment kjent at midlane stammar frå Sparebankstiftinga Fjaler. Den daglege leiinga omfattar ikkje saker som er av uvanleg art eller har mykje å seie. Dagleg leiar skal syte for at selskapet sine rekneskap er i samsvar med lover og forskrifter, og at formuesforvaltinga er ordna på ein trygg måte.

Dagleg leiar må ikkje inneha styreverv eller tilsetting i selskap som konkurrerer med Sparebanken Sogn og Fjordane eller eit anna selskap i same konsern som Sparebanken Sogn og Fjordane.

3 Andre forhold

§ 3-1 Disponering av årsoverskot – dekking av underskot

Stiftinga sitt overskot skal disponerast i samsvar med stiftinga sitt føremål, jf. § 1-2 og skipingsgrunnlaget innanfor dei rammer som følgjer av den til ei kvar tid gjeldande lovgjeving.

Underskot, etter styret sine disponeringar, vert dekka først av fri eigenkapital, deretter av grunnkapitalen.

§ 3-2 Disponering av stiftinga sine midlar ved oppløysing av stiftinga

Ved oppløysing skal stiftinga sine midlar gå til fremjing av sparebankverksemd etter nærmare avgjerder tekne av generalforsamlinga.

Som sparebankverksemd vert i denne samanheng også rekna fremjing av Sparebanken Sogn og Fjordane si verksemd under føresetnad av at banken driv verksemd i Fjaler.

Dersom sparebankverksemda i Fjaler kommune er lagt ned, kan stiftinga sine midlar ved oppløysing gå til etablering av ein ny sparebank i Fjaler kommune.

Avgjerd om disponering av stiftinga sine midlar ved oppløysing skal føreleggast rette styremakter for godkjenning.