Gåvetildeling

Styret i Sparebankstiftinga Fjaler har som mål at delar av stiftinga sitt overskot skal verte gitt som årlege gåver til allmennyttige føremål. Dette skal auke trivselen for dei som oppheld seg i nærmiljøet. Stiftinga skal i sin verksemd først og fremst prioritere gåver i det distriktet som har bygd opp grunnkapitalen (sparebanken sitt fond) i tidlegare Fjaler Sparebank.

Stiftinga vil gjennom gåvetildeling prioritere:

  • Følgjande søkjarar skal prioriterast:
    • Prosjekt og organisasjonar som arbeider for og med barn og ungdom.
    • Prosjekt og organisasjonar drive av frivillige.
    • Tiltak som kjem mange til gode.
    • Tiltak som løftar frivillig engasjement og dugnadsvilje.
    • Prosjekt og organisasjonar som har klåre visjonar og tankar bak sine tiltak.
  • Stiftinga vil normalt ikkje prioritere
    • Naturlege sponsorobjekt.
    • Politiske parti eller føremål som kan knytast til politisk verksemd.
    • Støtte til næringsverksemd med unnatak for Sparebankstiftinga Fjaler sitt næringsfond.
    • Typiske offentlege oppgåver unnateke der kommunen er inne som ein av fleire aktørar og som elles oppfyller krava til allmennyttige formål.
    • Lukka medlemsorganisasjonar.
    • Støtte til forsking.

Tiltak og investeringar med langvarig verdi og nytte for lokalsamfunnet skal prioriterast over kortvarige aktivitetar og arrangement.
Avslag på gåvesøknader vil ikkje bli grunngjeve.

Søknadsfrist 2024

  • Seinast 1. mars. Søknadsrunda opnar 1. februar. Alle som vil søkje må bruke den elektroniske søkjeportalen: SEND SØKNAD. Har du spørsmål til søknadsskjema eller treng hjelp, så kan vi kontaktast på telefon 57 73 99 00 (Accountor HAFS, Ole som er dagleg leiar for stiftinga), eller bruk epost: post@ifjaler.no.
  • Styret kan handsame søknader utanom ordinær søknadsrunde, men søknaden må i så fall ha ei særskilt grunngjeving for det.

«PÅ RAPPEN-MIDLAR» TIL UNGDOM

Er du ein ungdom i Fjaler/Holmedal som har ein god idé til eit prosjekt du vil gjennomføre og som kjem fleire tilgode, og du treng pengane raskt? Då kan du søke om «På rappen»-midlar på opp til kr 10.000 og få raskt svar!  Tiltaket må vere initiert / påkomme av ungdom, søkt på av ungdom og vere for ungdom !

Det kan vere støtte

  • til ein konsert
  • til ei utstilling
  • til ein film du vil lage
  • til eit orkester
  • til ein tur med føremål læring eller utvikling
  • mm.

Ingen søknadsfrist. Send når som helst. Send melding på epost post@ifjaler.no når du har lagt ein søknad i søknadssystemet.

Sjå også:

Skjermdump Firda.no

Skjermdump Firda.no

Skjermdump Firda.no. Stiftinga ga 100.000,- til trimrom ved Våge skule.

Skjermdump Firda.no.