Søknadsrunda for 2022 har opna.

Søknadsfristen går ut 1. mars 2022.

Innskytarval til generalforsamling i Sparebankstiftinga Fjaler 08.03.22 – 10.03.22

Som innskotskunde i Sparebanken Sogn og Fjordane og busett i Fjaler, kan du stemme inn medlemer i generalforsamlinga til Sparebankstiftinga Fjaler. Du kan kome med framlegg til kven som skal stå på val. Send framlegg til leiar i valnemnda Arve Helle; epost arve.helle@arbeiderpartiet.no , seinast 10. februar.
Det skal veljast 2 medlemer for 4 år, og 2 varamedlemer for 1 år. Generalforsamlinga har i alt 8 innskytarvalde medlemer og 2 vert valde kvart år. Generalforsamlinga vel m.a. styret for stiftinga og fastset rammer for gåvetildelinga.
Medlemene skal veljast av og blant dei innskytarane som er busette i Fjaler og som dei 6 siste månadane har hatt innskot minst kr 500.- i banken. Saman med dei 8 som vert valde av kommunestyret i Fjaler, skal dei spegle kundestrukturen i Sparebanken Sogn og Fjordane i Fjaler.
Valnemnda kjem med framlegg til kandidatar, og desse vert presenterte på ifjaler.no saman med informasjon om valet.
Valet vert gjennomført 8. 9. og 10. mars 2022 og føregår elektronisk. Du får tilsendt ein røysesetel 8. mars på epost dersom banken har epostadressa di. Kontakt kundesenteret på tlf 57 82 97 00 om du vil registrere epost.
Det vil vere mogleg å røyste i banken sitt lokale i Dale i ordinær opningstid desse dagane dersom du treng hjelp til å røyste elektronisk.
NB: Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane gjennomfører val til si generalforsamling til same tid. Hugs å røyste i alle vala.
Vi minner om søknadsfristen seinast 1. mars for gåver frå Sparebankstiftinga Fjaler. Søknadsrunda opnar 1. februar 2022.

Søknadsrunde 2022

Neste søknadsrunde er februar 2022. Den opnar 1. februar 2022 og siste søknadsdag er 1. mars 2022.

 

Styret kan unntaksvis handsame søknader utanom søknadsrunde, men søknaden må i så fall ha ei grunngjeving for det.

Søknadsrunda for 2021 har opna.

Søknadsfristen går ut 01. mars 2021. Tildeling i april.

Generalforsamling for 2019

Generalforsamlinga for 2019 gjennomførast 15.05.2020.

Innskytarval generalforsamling Sparebankstiftinga Fjaler

Valdagar: 4., 5. og 6. mars 2020

Medlemer: 2 av medlemene skal veljast for perioden 2020-2023 (4 år)
Varamedlemer: Det skal i tillegg veljast 2 varamedlemer for eitt år.

Valet vil foregå elektronisk. Det vil bli sendt ut ein link til den eposten som banken har registrert på deg. Du kan avgje 4 stemmer under røystinga. Dersom du treng hjelp til signering, så kan banken hjelpe deg.

Valnemnda har sett opp kandidatane i rekkefølge der det er teke omsyn til geografi og kjønn i samansetninga av generalforsamlinga.

Dei to som får flest røyster, vert valde. Dei to med tredje og fjerde mest røyster, vert varamedlemer. I tilfelle fleire får like mange røyster, gjeld prioriteringa valnemnda har gjort på lista nedanfor.

KandidatBustadadresse
1.Kennet VikDale
2.Lene Beate FursetGuddal
3.Jarle HovlandDale
4.Sissel BringelandVåge
5.Ingvild KjøsnesFlekke
6.Ola HovlandDale
7.Ellen EikenHellevik
8.Christine Nikøy RogneDale

Valnemnda Sparebankstiftinga Fjaler

Nytt søknadssystem i 2020. Krav om organisasjonsnummer.

I det nye søknadssystemet som blir klart til bruk i søknadsrunda for 2020, må alle søkjarar med unntak for På Rappen-søknader, ha organisasjonsnummer for å kunne søkje.

Lag og organisasjoner som ikkje har dette, må difor skaffe seg dette før dei skal søkje.

Organisasjonsnummer får ein ved registrering i Brønnøysund-registeret.

Søknadsrunda 2019 opnar 01.02.2019

Frå 1. februar 2019 kan det søkjast på gåver frå Sparebankstiftinga Fjaler. Klikk på knappen «Send søknad» på framsida.

Søknadsfrist: seinast fredag 1. mars 2019

Innskytarval til generalforsamlinga i Sparebankstiftinga Fjaler 4., 5. og 6. mars 2019

Som innskotskunde i Sparebanken Sogn og Fjordane og busett i Fjaler, kan du stemme inn medlemer i generalforsamlinga til Sparebankstiftinga Fjaler. Du kan kome med framlegg til kven som skal stå på val. Send framlegg til leiar i valnemnda Arve Helle; epost arve.helle@arbeiderpartiet.no , seinast 1. februar.
Det skal veljast 2 medlemer for 4 år, og 2 varamedlemer for 1 år. Generalforsamlinga har i alt 8 innskytarvalde medlemer og 2 vert valde kvart år. Generalforsamlinga vel m.a. styret for stiftinga og fastset rammer for gåvetildelinga.
Medlemene skal veljast av og blant dei innskytarane som er busette i Fjaler og som dei 6 siste månadane har hatt innskot minst kr 500.- i banken. Saman med dei 8 som vert valde av kommunestyret i Fjaler, skal dei spegle kundestrukturen i Sparebanken Sogn og Fjordane i Fjaler.
Valnemnda kjem med framlegg til kandidatar, og desse vert presenterte på ifjaler.no saman med informasjon om valet.
Valet vert gjennomført 4. 5.og 6. mars 2019 og føregår elektronisk. Du får tilsendt ein link 4. mars på epost dersom banken har epostadressa di. Kontakt kundesenteret på tlf 57 82 97 00 om du vil registrere epost.
Det vil vere mogleg å røyste i banken sitt lokale i Dale i ordinær opningstid desse dagane dersom du treng hjelp til å røyste elektronisk.
NB: Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Sparebanken Sogn og Fjordane gjennomfører val til sine generalforsamlingar til same tid. Hugs å røyste i alle vala.
Vi minner om søknadsfristen 1. mars for gåver frå Sparebankstiftinga Fjaler. Søknadsrunda opnar 1. februar 2019.

Gåvetildelingar 2018

Sparebankstiftinga Fjaler har delt ut  kr 4.275.200.- i gåvemidlar for 2018.  Det er sendt ut melding om tildelingane, og du kan sjå lista over tildelingane her:

Tildelingar