Oppføringer av olehope

Måndag 12. februar frå kl 18 til kl 20 arrangerer Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane søknadskurs i Dale.

Sjå invitasjon og påmelding her: https://www.sparebankstiftinga.no/2024/01/soknadskurs-med-sparebankstiftinga/ Sparebankstiftinga Fjaler kjem til å delta på denne samlinga, og vil ha ei økt frå kl 19.30 der vi vil sei litt om kva vi ynskjer av informasjon i søknader om støtte til dei ulike grendahusa i vårt område, men også gi informasjon om andre mogelegheiter for støtte til […]

Vedtektsendring § 2-2 Val av generalforsamling

I generalforsamlinga for 2021, den 7. april 2022, vart det gjort endring i § 2-2 i vedtektene for Sparebankstiftinga Fjaler. Generalforsamlinga skal no ha 10 medlemer og 4 varamedlemer. Innskytarane skal velje 6 medlemer 2 varamedlemer. Kommunestyret i Fjaler skal kvart fjerde år velje 4 medlemer og 2 varamedlemer. Innskytarval skal haldast annakvart år. Neste […]

Resultat innskytarvalet generalforsamlinga 2022

Christine Nikøy Rogne og Magn Helge Brattelid er valde som nye medlemer for 4 år.  Svante Tømmerbakke og Florence Hamper er valde som varamedlemer for 1 år. Dei innskytarvalde medlemene i generalforsamlinga er: Ragnhild Berger follevåg Oddgeir Lammetun Ola Hovland Kennet Vik Mari Kyrkjebø Ingvild Kjøsnes Christine Nikøy rogne Magn Helge Brattelid Varamedlemer: Svante Tømmerbakke […]

Innskytarval generalforsamling Sparebankstiftinga Fjaler 8. – 10. mars 2022

Valdagar: 8., 9. og 10. mars 2022   Medlemer: 2 av medlemene skal veljast for perioden 2022-2025 (4 år) Varamedlemer: Det skal i tillegg veljast 2 varamedlemer for eitt  år.   Valet vil foregå elektronisk. Det vil bli sendt ut ein link til den eposten som banken har registrert på deg. Du kan avgje 4 […]