670 000 til 37 tiltak!

Med siste tildeling har Sparbankstiftinga Fjaler no delt ut 3,4 millionar på 2 år!Styret i stiftinga har hatt sitt tildelingsmøte og har fordelt kr 670 000 i denne runda. Når det vart søkt om 4 millionar, så er det ikkje alle som får denne gongen heller. Det er ein imponerande mengde lag og organisasjonar som er i gang i Fjaler, det viser søknadsmengda.

Til saman har stiftinga no delt ut rundt 3,4 millionar på 2 år, og det er mykje meir enn det som banken kunne dele ut tidlegare og Fjaler/Holmedal ligg òg godt an i høve til resten av Sparebanken Sogn og Fjordane sitt nedslagsområde. Styret har lagt vinn på at dei som får, skal få så mykje at dei har sjanse til å gjennomføre prosjekta sine. Derfor blir ikkje pengane smørde utover til alle. Dei som har fått mykje før, får mindre no, slik at andre gode prosjekt får pengar i denne runda.

I alt kan stiftinga dele ut 692 000 i år. Dei midlane som står att, skal gå til «På rappen», altså ungdom som kan få pengar til ein god ungdomside. Dei kan få opp til kr 5000 i støtte på kort varsel og det er alt delt ut av desse midlane til15-åringen Steffen Haugen, som skal kjøpe eit anlegg som skal brukast i eit band han er med i.

 

 

Her er heile lista:

Tyssedal   skyttarlag 5000
NFU Fjaler/Askvoll, mfl/Fjaler kommune,   aktivitetslokale 10000
Fure idrettslag 25000
Dale Idrettslag, Fjalerhallen,   helsestuio 25000
Fjaler Helselag 5000
Jakob Sande-selskapet/løa 100000
Hellevik IL 25000
Havbrusen Folkemusikklag 3000
Aksjon Dalsfjordbrua 40000
Megger i Medvind 10000
Stroka Skyttarlag 5000
Dale Idrettslag, utstyr 20000
Korssund Dykkeklubb 15000
Holmedal Ungdomslag 15000
Rivedal Bygdelag 15000
Dale Musikkorps 10000
Guddal Ungdomslag 60000
Dale IL Sykkel 15000
Flekke Ungdomslag 15000
Sandbaneanlegg i Badevika, Dale 40000
Dale Ungdomslag 15000
Fjaler symjeklubb 5000
Holmedal Bedehus 10000
Fjaler bygdekvinnelag 3000
Fjorden Grendalag 10000
NFU Askvoll-Fjaler Hyllestad lokallag 3000
Holeholten 4H Klubb 4000
Holmedal Vel 10000
Dale Skyttarlag 10000
Fjaler Røde Kors 10000
Fjaler pensjonistlag 3000
Ljosheim forsamlingshus 40000
Yngve S Haugsvær/Hexapod 5000
Askvoll Musikklag 5000
DALE BARNEKOR 5000
Driftselskapet for Dingemoen   Idrettspark, scene 64000
Askvoll og Holmedal skyttarlag 10000
670000