Innskytarvalet til generalforsamlinga i Sparebankstiftinga Fjaler vert gjennomført 9., 10. og 11. mars 2015, og det vert elektronisk val. De vil få tilsendt ei lenkje på epost dersom banken har epostadressa dykkar i samband med nettbanken . Kontakt kundesenteret på tlf. 57 82 97 00 om du vil registrere epost-adresse.

Det kan også røystast på vanleg måte i banken sitt lokale i Dale i ordinær opningstid desse dagane.

NB! Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane gjennomfører valet til si generalforsamling til same tid (kun elektronisk). Hugs å røyste i begge vala.

Oversikt generalforsamlinga, og kven som er på val, sjå: https://ifjaler.no/om-oss/styrande-organ

Valnemnda sitt framlegg til innskytarvalet 2015:

Innskytarval

Generalforsamlinga i Sparebankstiftinga Fjaler

Valdagar: 9., 10. og 11. mars 2015

Medlemer: 2 av medlemene skal veljast for perioden 2015-2018 (4 år)

Varamedlemer: Det skal i tillegg veljast 2 varamedlemer for eitt  år

Det kan kryssast av for opptil 4 kandidatar. Liste med meir enn 4 kryss vert forkasta. Dei to som får flest røyster, vert valde.

Dei to med tredje og fjerde mest røyster, vert varamedlemer.

I tilfelle fleire får like mange røyster, gjeld prioriteringa valnemnda har gjort på lista nedanfor.

 

 

 

 

    Kandidat Bustadadresse
1. Atle Strand Dale
2. Sølvi Ann Solheim Løkkebø Dale
3. Kenneth Vik Dale
4. Magni Thorsen Dale
5. Helga Åsnes Straumsnes
6. Geir Tessem Dale
7. Torunn Åsnes Guddal
8. Ole Petter Mundal Dale

 

 

 

 

Valnemnda Sparebankstiftinga Fjaler