Sigbjørn Solheim og Arve Arstein vart i innskytarvalet, avslutta 12. mars 2014, valt til nye medlemer i generalforsamlinga for 4 år.  Nina Yndestad og Kenneth Vik vart varamedlemer valt for 1 år.

https://ifjaler.no/om-oss/styrande-organ/

Søknadsfristen gjekk ut 03.03.2014, kl 23.59.   Tildelingane vert gjort kjende i slutten av mai/byrjinga av juni 2014.

Innskytarvalet til generalforsamlinga i Sparebankstiftinga Fjaler vert gjennomført 10., 11. og 12. mars 2014, og det vert elektronisk val. De vil få tilsendt ei lenkje på epost dersom banken har epostadressa dykkar i samband med nettbank . Kontakt kundesenteret på tlf. 57 82 97 00 om du vil registrere epost-adresse.

Det kan også røystast på vanleg måte i banken sitt lokale i Dale i ordinær opningstid desse dagane.

NB! Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane gjennomfører valet til si generalforsamling til same tid (kun elektronisk). Hugs å røyste i begge vala.

Oversikt generalforsamlinga, og kven som er på val, sjå: https://ifjaler.no/om-oss/styrande-organ

Valnemnda sitt framlegg til innskytarvalet 2014:

 

Innskytarval

Generalforsamlinga i Sparebankstiftinga Fjaler

Valdagar: 10., 11. og 12. mars 2014

Medlemer: 2 av medlemene skal veljast for perioden 2014-2017 (4 år)

Varamedlemer: Det skal i tillegg veljast 2 varamedlemer for eitt  år

Det kan kryssast av for opptil 4 kandidatar. Liste med meir enn 4 kryss vert forkasta. Dei to som får flest røyster, vert valde. Dei to med tredje og fjerde mest røyster, vert varamedlemer. I tilfelle fleire får like mange røyster, gjeld prioriteringa valnemnda har gjort på lista nedanfor.

Røyst

  Kandidat Bustadadresse

1.

Karen Kvamme Dale

2.

Sigbjørn Solheim Flekke

3.

Sølvi Ann Solheim Løkkebø Dale

4.

Kenneth Vik Dale

5.

Magni Thorsen Dale

6.

Ingjerd Furnes Flekke

7.

Arve Arstein Hellevik

8.

Nina Yndestad

Guddal

 Valnemnda Sparebankstiftinga Fjaler